Første skue
Norsk møye
En diktsamling med rytme og rim
Til Anneli
|
|||
---|---|---|---|
Du Anneli, ein ser deg gå på vegen. Du er til og frå. Men ikkje er du vegen i. Du er som nåde, Anneli. Den vegen er kan hende bratt. Og ikkje lett på å ta fatt. Og keisam, er den, og vel rar. Men du gjev at den vert til far. |
|||
|
Til Anniken
|
|||
---|---|---|---|
Du Anniken, kva er ein elv om ikkje nettopp ein kvar sjølv. Den ser det ikkje an, sitt namn, men retter smaken i kvar hamn. An ikkje, det er deg, du fri og levande, din tilstand i. Ein kjenner deg, ein ser deg så, og elskar kvart eit stikk å få. |
|||
|
Til Benedikte
|
|||
---|---|---|---|
Du Benedikte er som smør som gjer at skiva ler og tør. Du er som olje i ein bil som der ved køyre kan med stil. Velsigna er du, sjølv du gjev i mi formeining og mitt strev. Du gjer det så at til å sjå for mann er hjelp å lite på. |
|||
|
Til Berit
|
|||
---|---|---|---|
Oversikt og sideblikk, siktemål og sikkerstikk: Du har vyen, du har hugen, du er til å finne, trugen. Høgt til vers og glad i orda, Berit, du er god til jorda. Når det krevjast kjem du ned: I ditt storsinn er det fred. |
|||
|
Til Camilla
|
|||
---|---|---|---|
Camilla er dei mange vis som alle på ein sett sin pris. Det er ved vis å verte sett ved undring på det samla vett. Du er, Camilla, alltid der at ein din akt må vere kjær. Kva enn som er, du finn på ny eit annleis gry, der er å by. |
|||
|
Til Cecilie
|
|||
---|---|---|---|
Justitia vart blind for strev som smak og lukt tilkjenne gjev. Legalitet er kva det er. Det er å vere fakta kjær. Du klarer deg igjennom alt om du er blind for vis som falt. Sånn er du. Og for meg å få er lykke, og min veg å gå. |
|||
|
Til Eirin
|
|||
---|---|---|---|
Når kvinne tek eit barn i famn vert eg som oftast glad. Eirin, du er det kvinnenamn som skinner sterkt i grad. Din vyrd er ro, ditt virke trygt, og barn, og vaksne med, får pause frå kva som er stygt i deg, du lune fred. |
|||
|
Til Elisabeth
|
|||
---|---|---|---|
Når Gud gjev eid, Gud løfter opp, og godt vert det til sjel og kropp ved løftet gjeve, løftet fått, alt før til oppfylling det klårt har gått. Det er den Kristus døme på. Elisabeth, av deg å få eit merke er i sanning fint. Det gjer alt anna enn forpint. |
|||
|
Til Gudrun
|
|||
---|---|---|---|
Eit merke eller vis kan vere som ein pris som sanning er og gjev, og ikkje så ved strev. Du Gudrun, dine ord er merker på vår jord som styrker hår og hud. Du virker som av Gud. |
|||
|
Til Gunnhild
|
|||
---|---|---|---|
Du er, Gunnhild, moral på topp. Når krevjast, du tek striden opp, som motstand først, og så ved flid, du viser veg ved råd og strid. Du fekk å kjenne kry og krav. Du fekk å kjenne høg og lav. Og alltid i din nærleik er der høve til å vere kjær. |
|||
|
Til Heidi
|
|||
---|---|---|---|
Du har ein fin og varlig sans for alt det klare, og for glans, og først står sans for glans av nord og for dei vakre norske ord. Du Heidi, du er krona verdt. Du skaper mye rart, på ert, men alltid gjelder det å få det særlege eit bilde på. |
|||
|
Til Helene
|
|||
---|---|---|---|
Du er ein fakkel i det sky, og mørkret vil du stråler by. Du gjer det klårt og fint å sjå kva der er ilt å kome på. Helene, du er kanskje der at du er ljos i alle kler. Men du må berre arte deg, så ein kan si, ho gjer seg! |
|||
|
Til Ida
|
|||
---|---|---|---|
Ein innsats krevjast for å få det gjort, kva enn ein tenkjer på. Du Ida, du er den ide som vert til når eit ny vert ne. Eit oppkomme du er av tru, og til eit håp du byggjer bru. For, du har funnet ut at verk er å få gjort ein tanke sterk. |
|||
|
Til Ingrid
|
|||
---|---|---|---|
Ei stjerne står mot månen i det vis som vil forklåring fri. Og Ingrid, du er ikkje tyst. Du er for auge særleg lyst. Du er for sola annleis fall og veit å glimte tusental. Og om du finn deg eigen mann, di åtgjerd er å få han sann. |
|||
|
Til Kaisa
|
|||
---|---|---|---|
Du har din sans for keisaren, for ein sterk mann, som er din venn ved hald å vere, loven lagt. Du veit at uten vert forsagt. Ditt døme, Kaisa, er vår lov. Til helvete går liv ved grov. Til helvete går liv ved spill. Ein elskar kva du er og vil. |
|||
|
Til Kathrine
|
|||
---|---|---|---|
Du er, Kathrine, original, og ikkje målbar som linjal. Ditt tek har ingen greie på. Som katedralen lyt du stå. Som kateketen lyt du gje. Som hjarte, helst, du lyt deg te. Og varsamt tek ein deg i akt så ikkje aversjon vert vakt. |
|||
|
Til Kristin
|
|||
---|---|---|---|
Hei, Kristin, kor ein tyder veg ... Eit sakn er ein ei av seg, for, var ein, var ein ei seg sjølv, og det er ein, som gull og sølv. Og, som den elva har eit lag, har ein det sjølv. Det er ei fag. Ein veit av deg. Og du er fin. Du gjør ditt løp som Kristus sin. |
|||
|
Til Linn
|
|||
---|---|---|---|
Du Linn er som ei linje som ifrå ein stad går hen. Då er du ikkje mye dom men tvert i mot god venn. Då er det tillit ein kan ha til dagen, som den vert. Men du veit, du kan vere bra for dumme og, på ert. |
|||
|
Til Margrethe
|
|||
---|---|---|---|
Margrethe; perle er å vere vakker, kvit og glansfull, rein som preg, og kva enn det mot kvelden lakker vil perla ikkje miste seg. Du er ei perle, fin og verdig, og nydelig i all din glans. Og du veit, du ei som iherdig kan auke min for perla sans. |
|||
|
Til Marianne
|
|||
---|---|---|---|
Du Marianne er det vis som nåde er, og lyst. Du sjølv gjev lyst ved vyrd og pris, du sjølv ved nåde bryst. Du gjer det så at det vert greit å vere mann og møy. Eit liv for deg er ikkje leit men tvert i mot litt gøy. |
|||
|
Til Mette
|
|||
---|---|---|---|
Å vere perle livet i har ein stor verknad, det å si, at ein vil aktast ved sitt skjønn. Ein er til pryd for mann og kjønn. Den aktast ikkje som er trist. Du Mette er din stand, for visst. Ditt namn er alltid reint og kvitt. For vondt og vanske er det fritt. |
|||
|
Nina
|
|||
---|---|---|---|
Det niande tek steget opp til tiande, som er på topp. Tre gonger tre eit nital er. Men oftast er det stoga kjær. Du Nina, du er nåde vist og kjærleiken til nesten prist. Ved deg vert mål av far og steg så alle får å sette preg. |
|||
|
Til Nora
|
|||
---|---|---|---|
Vår Gud er eid og Gud er ljos og virker ei som skrekk og los om løfte er kva Gud kan gje. Meir enn å gråte vil ein le. Du Nora, du er sjølv det ljos. Eg kjenner deg som kos og ros, men meir enn det som sanninga; som frelsa, og forbanninga. |
|||
|
Til Randi
|
|||
---|---|---|---|
Som foster, barn og vaksen er ein treet, kva det syner, kjær. Du Randi, du er randen på, og oversikt og syn å få. Du er den grense gjeve alt som på vår jord er gjort, er falt. Og når ein tenker på den sak er også du ei sjel, ein smak. |
|||
|
Til Sigrid
|
|||
---|---|---|---|
Når sigeren vert kvit, til strid ein set sin lit. Du Sigrid, du er så at mot der er å få. Du gjer at ein ved tek lar hauste korn og nek. For, sigeren er fryd, og fred når du gjev lyd. |
|||
|
Til Sigrun
|
|||
---|---|---|---|
Du Sigrun, du er siger, fort, ved teikn på kva som er gjort. Og glad er den som er deg med og som kan feire, teiknet ved. Å skape er kva du har kjær. Ei nyvinning du sjølve er. Og aldri vert ein skapnad veik i dine auge, i din leik. |
|||
|
Til Silje
|
|||
---|---|---|---|
Justitia er også blind. I gjerdet du har, ho er grind som rett og døme grundar på så synsing ei er dom å få. Hold motet oppe, du er vis som vel å gje den porten pris. Om der er lov og klare bud, du skjermar hår og skjermar hud. |
|||
|
Til Sofie
|
|||
---|---|---|---|
Det er så mykje der å få av lærdom og av mål å nå. Ein vert, kan hende, mjuk av skrekk. Ein vil jo ikkje ha seg vekk. Men eitt kan ein vel lite på, så Tykje ikkje får å rå. Og det er at eit namn er smak. Og du er god, og ingen sak. |
|||
|
Til Sollaug
|
|||
---|---|---|---|
Eit eg er smak og lyst og glød, og det er ikkje viljen død. Ein frydar seg ved dine smil, som er der, og på staden kvil. På lur det er, ditt smil, og veg det gjev til saman vyrd av eg. Du Sollaug er for ljoset hi. Ved deg ein einast i eit vi. |
|||
|
Til Solveig
|
|||
---|---|---|---|
Du Solveig, du er liv og lyst, ei som eit skip som går frå kyst, men som av bryst det norske mål er sans og samling utan jål. Di stemme er som frå eit vell av lys og vidsyn og av hell. Og ikkje gløymer du di makt: Du veit å prege, ta i akt. |
|||
|
Til Tone
|
|||
---|---|---|---|
Du Tone, du er døme på at livet også er å få. Du gjev din stemme som musikk, og er som noteark for blikk. Når du er glad så vert det liv. Di sjel er særskilt kreativ. Og når ein legg seg tonen bak, ein får å tenke på den sak. |
|||
|
Til Torhild
|
|||
---|---|---|---|
Eit glimt av tore mektig er. Det lyn er kraftig, står ein nær. Og du, vi skattar dette vis som gjev det syn at prakt har pris. Du Torhild, du er der å få at smil lar latter følgje på. Din kommentar er aldri slapp, og aldri ufin som ein lapp. |
|||
|
Til Tove
|
|||
---|---|---|---|
Du Tove, det å tova er på særleg vis å vere kjær. Det er så fint å kunne tø. Det kjem jo før det to å fø. Det er som glo som vert til ljos ved luft og ved, og den slags kos. Og du gjev glød, og ikkje daud vert audmjuke, og fargen raud. |
|||
|
Til Unn
|
|||
---|---|---|---|
Å ikkje frå forbarming dra, men unne, er jo særleg bra. Du Unn, du er det hjarterom som frir frå avund og frå dom. Og du er der at du er skjønn av kva som skal ha liv og lønn. Eg frydast ved ditt fine hald. Du vaknar, tar ein liv i vald. |
|||
|
Til Wenche
|
|||
---|---|---|---|
I livet, som ei enkelt er, den glede stor er å ha kjær den vesle jente som sin venn, som ser, og kan gje boge spenn. Du Wenche er som bogesnor. Ved deg vert pil og boge stor. Ein kjenner deg ved at du kan foreine dersom det går an. |
|||
|
Til Åse
|
|||
---|---|---|---|
Inntil åsen ligg ei lunge. Utav åsen går ei tunge. Ryggen er ein leik å vandre. Ingen kan for småsinn klandre. Åse, du er møy i heimen, og på toppen er du eimen av vår skapartrong og lyst. Åsen er hjå Noreg bryst. |
|||
|
Innhold
Kontakt informasjon
ADRESSE
Anders Woje Ellingsen
Rådyrveien 25 B
7082 Kattem
Norway
TELEFON
+47 905 59 772
E-POST
poet.on.view@gmail.com
WEB SIDE
Informasjon
Mitt navn er Anders Woje Ellingsen. Jeg ble født i 1963 i Trondheim, og jeg er bosatt i Trondheim. Jeg er opprinnelig militært utdannet men er i dag uføretrygdet og erklært sinnssyk. Jeg har skrevet dikt i mange år men har ikke fått utgitt noe. Siden 2014, omtrent, har jeg publisert det jeg har skrevet på internett, på egne nettsider, men nå har jeg tatt det meste ned. Mitt verk på internett er å finne på Trixnix.com.
Alle dikt er av og ved Anders Woje Ellingsen ved det registrerte varemerket Vaksinius. Enkeltpersonforetaket Verk A.W. Ellingsen har organisasjonsnummer 827 868 752.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn.