Til Hanne

Av diktet til Hanne har eg laga ein song på Suno (sjå under). Av sangen har eg så laga ein såkalla "persona", på Suno. Ved det kan einkvar, på Suno, lage sin eigen versjon av sangen, ved å bytte ut dei to første versene i teksten (altså, sjølve namnediktet).



TIL HANNE

[Vers 1]
Guds nåde vil ein gjere fri.
Gud tilgjev, er kva det vil si.
Men, Gud vil også lage lei,
så ferd, så lagnad, synast grei.

[Vers 2]
Du Hanne, du veit Gud er kjær.
Du sjølv vil fri der plage er,
og sette på ein stødig fot.
Den nåde størst er å gje mot.

[Kor]
Så vil ditt namn ei kjensle gje
av korleis ein har å seg te.
Og, det er sikkert, det er sant:
Det godt er å ha den, i blant.

[Vers 3]
Men, namnet er så mykje meir.
I namnet slo eit opphav leir.
Men, mykje er å kome på
når ein frå det så har å gå.

[Bru]
Du sjølv vil lage namnet ditt.
Du vil sjå sort, du vil sjå kvitt,
og namnet ditt er alltid ungt.
Så er ditt namn eit utgangspunkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn.