Andre skue
Norsk glede
Ein diktsamling med rytme og rim
Til Julie
|
|||
---|---|---|---|
Du Julie er sumarfryd, med auge for kva vekst sin dyd å seie har for vekst sin dåd og for å finne vekst sitt råd. Du veit at punkt å gå ut frå er kva ein kvar er nøydd å få. Sjølv er du der at alt som gjekk kom til då du ein ståstad fekk. |
|||
|
Til Eline
|
|||
---|---|---|---|
Eline, du er fakkelen som syner ilden når som ven og som det gjer at ein kan sjå om det er mørkt og ilt å få. Det ljos du er kan vere det ein nemnar tanke og ide. Du veit å fatte ilden så at ikkje den på jord får rå. |
|||
|
Til Anne
|
|||
---|---|---|---|
Er nåden Gud, er nåden skjøn og merksemd for vår vyrd og bøn. Og Anne, du er nettopp så at nåde er av Gud å få, som sol som skin høgt over sky, som sky, som vatn tidt vil by, som jord, som sjølv vil akte seg, er du og samstundes på veg. |
|||
|
Til Louise
|
|||
---|---|---|---|
Du tar din heidring ifrå krig, som nuten gjer, då ei i sig, med tanke på eit naudvende og på det skamlaust villende. Og eit er naudsagt, veit du godt. Louise, du er gudleg hått! Eit vakkert punkt å gå ut frå er kva ein kvar på jord må få. |
|||
|
Til Mildrid
|
|||
---|---|---|---|
Du Mildrid, du er berre der at ein må undrast på kva det no er som gjer deg kjær, som du nå er å få. Til ein kvar tid den milde makt er døme på din flid. Du veit å kjenne, ta i akt, i all din vyrd og strid. |
|||
|
Til Maria
|
|||
---|---|---|---|
Maria, du er liv og lyst! Det alltid liv er av ditt bryst! Som til å få er alt du ber, og vakre er dei ting du gjer. Du ga, som moder, Jesus liv, og ikkje var din vilje stiv. Og sjå, kva du fekk lage til! Det lagast, om ein noko vil. |
|||
|
Til Aina
|
|||
---|---|---|---|
Du Aina er den einaste i alt du ber og er. Og du er vel den finaste ved alt du kan og gjer. Ein elskar deg, Ein kjenner deg, då du er prototyp på kva det er å finne veg av sky som frir og dryp. |
|||
|
Til Grethe
|
|||
---|---|---|---|
Ei perle er av sider gjort, og det er veldig fint. Ein kjenner deg. Du elskar fort. Ei sånn er ei forpint. Ei perle er du, men av lyst. Du er det døme på at to er ande som av bryst. Og Anden fin å få. |
|||
|
Til Lisbeth
|
|||
---|---|---|---|
Fullkommen er Jesus Kristus. Lisbeth, du er med på det. Såleis vil han holde kustus, ved til alt på jord å le. Du vil skildre, du vil telgje, og det lyspunkt verte gjort. Du er vakker, og det følgje på at Gud er miskunn, fort. |
|||
|
Til Malene
|
|||
---|---|---|---|
Det tårn som sto i Magdala sitt eige språk på jord tala. Det var ei reising ut mot sjø. Mot vatnet vått som ville flø. Malene, du er god der ved. Du lar deg ikkje rive med. Du er til minne om den møy som så Vår Herre, så Ham døy. |
|||
|
Til Maia
|
|||
---|---|---|---|
Maria ville få det til. Vel var Maria veldig snill som fekk å føde Herrens Son. Men lyst var glød i hennar von. Du Maia, du er lystig vett. Du tenkjer klårt og smiler lett. Du minner om di namnemor: På livet lyst i di hug bor. |
|||
|
Til Aleksandra
|
|||
---|---|---|---|
Du Aleksandra, du er fin. Du er, kan hende, mannen sin, då ved å vere verje for det merkelege som der går. Du syner mot, du gjer det greit, og gjev ham rett når det er leit. Den særrett lyt du mannen få, at han kan faktisk peike på. |
|||
|
Til Susanne
|
|||
---|---|---|---|
Susanne, du er lilja vår. Som kvit og prektig der du står, du lovar kvitt av grønt å sjå i vatnet, i det hald å få. Som rein du gjev ein stakkar mot, som i det blaute fekk sin fot. Du gjev til kjenne særleg vyrd: I livet gjeld å akte byrd. |
|||
|
Til Gunnvor
|
|||
---|---|---|---|
Å vere varleg, når i strid, og heller stille opp med flid, er auge for eit mål å ha der ein kvar må sjå det er bra. Du Gunnvor, du er døme på at strid kan vere fint å få. Du gjer det så at Gud får gje, og verje den som veit å le. |
|||
|
Til Mattea
|
|||
---|---|---|---|
Ei gåve er du, til vår jord, ved all di omsorg, alle ord. Du veit, Mattea, at som snilt det gjeld å vere noko vilt. For, prøver du å gjere fint vil Gud vel ikkje at forpint vert du i livet, livet tapt. Så, viset ditt er aldri slapt. |
|||
|
Til Reidun
|
|||
---|---|---|---|
Av reir å unne, det er flott. A vite, så, kva som er godt. Det reiret er kva ein kvar gjer som er sitt opphav, døme er. Du Reidun, du er far og mor si lyst ved kva som i deg bor. Og du er til å lite på. For, livet, altså, er å få. |
|||
|
Til Kjellrun
|
|||
---|---|---|---|
Du Kjellrun er som tjelden vis, så du set på eit omriss pris. Du held deg gjerne utafor, og vitskap høgt i auge står. Du unner den som veit å le då han er syn og lett å gle. Og sjølv du gjev kvar stakkar fri: Eit omstende ein kvar er i. |
|||
|
Til Guro
|
|||
---|---|---|---|
Vår Gud kan gjere rare teikn, og merker som vert syn for segn. Det er i livet ikkje vis som atter held, og som får pris. Du Guro, du er ein kvar kjær ved at du særleg tilstand er. Du merker deg, du syner leik som ikkje akkurat er veik. |
|||
|
Snefrid
|
|||
---|---|---|---|
Du Snefrid er den kvite snø som lar ein sjel på jorda tø ved syn å gjeve over alt der snøen er, der snøen falt. Den er eit slag av harmoni, og lukke, den å vere i. Og ikkje kan det vere galt. For, i den vert ein ikkje talt. |
|||
|
Til Rannveig
|
|||
---|---|---|---|
Ein strid bør vere sikker sak. Du Rannveig, du har huset bak, som råd, som semje i din flid, som sikker sak, går du til strid. Det noko er som gjeld i vyrd, og det er kva ein er som byrd. Den sak er sikker, eige tungt, som har et vakkert utgangspunkt. |
|||
|
Til Merethe
|
|||
---|---|---|---|
Merethe, du er lite lei, og i eit smykke snill og grei. Du er eit døme på at vis kan gje ein særleg vyrdsam pris. I muslingen var du eit to. Der fekk du ikkje lenge bo. Du vart til kva som er din dyd: Å vere oppsikt, vere pryd. |
|||
|
Til Emma
|
|||
---|---|---|---|
Imøtekomen, her på jord, ein er i gjerning og i ord om ikkje fiendskap skal rå og utrygt verte liv å få. Du Emma, du gjev tillit rom ved smil som ikkje ber på dom. Ditt heile og din varme gjer det godt å vere der du er. |
|||
|
Til Agnes
|
|||
---|---|---|---|
Du Agnes, du er sjeldan brysk. Ditt namn er venleik, du er kysk. Men om ditt vesen får å stri er du merkverdig, Anden i. Det særskilt er å vere rein. Det går før det å vere grein. Og om enn mild å vere gjeld så kan du faktisk vere eld. |
|||
|
Til Olivia
|
|||
---|---|---|---|
Olivia, ditt namn er kjent som alvehær, og som ein tent frukt, men mykje tyder på at du er syn, og det å få. De stråler dine auge gjer på morosame omsyn ber. Du synar vidt, du synar bredt, og kva du synar viser vett. |
|||
|
Til Lene
|
|||
---|---|---|---|
Å vere ljos er kva som gjeld. Du Lene, du er ljos som eld. Du er eit andlet der å sjå. Og liv og lyst er til å få. Du gjer det fint og ikkje stygt når det er ilt og ikkje trygt. Du verjar liv ved ljos å gje. Seg i ditt syn må ein seg te. |
|||
|
Til Frøydis
|
|||
---|---|---|---|
Den måne er for jorda sær. Av alle ting, er den særs kjær. Den livar opp kva som er natt. Om sola tek, så gjer den matt. Du Frøydis, du vil aldri få frå ditt formynderi å gå. Du er eit eige, men så der at dagen ifrå natta er. |
|||
|
Til Liv
|
|||
---|---|---|---|
Kva enn det tyder, namnet Liv, så er det morosamt og giv, og du er dette døme på at liv er også til å få. Du veit å leggje lista høgt, og ikkje ære vilje søkt. Men du kan ære alle blad som treet greinar, på ein stad. |
|||
|
Til Siri
|
|||
---|---|---|---|
Du Siri er den vakre dag då oppfylt verde, vyrd og fag. Du er, kan hende, ikkje grei. Men domen din er aldri lei. Ein vakker siger er ditt vis. Og på det sett du sett din pris at ein må gje for å få til. Det lagast, om ein noko vil. |
|||
|
Til Kari
|
|||
---|---|---|---|
Du Kari, du er klår og rein, Det heller enn å vere klein. Di merksemd er det finaste: Det ekte og det einaste. Det er så mykje glitter gjort i verda at ein veldig fort kan gå seg bort i tull og stas. Men du veit å fordøma fjas. |
|||
|
Til Hilde
|
|||
---|---|---|---|
Du hildrande du, kor det går i verda som aktast og rår. Du Hilde, du veit kva som vil gå til for ein kvar som er snill. Du gøymer kvinna, gjer det så at der får vere vis å få, når der får vere måte på som ikkje alltid får å gå. |
|||
|
Til Trude
|
|||
---|---|---|---|
Å vere kraft er vis å gje og du er måte på. Du Trude, til deg må ein le: Du er ein stad å sjå. Men du kan vere vin og fri den drue som får gå. Og då får du som Anden i det heilage å rå. |
|||
|
Til Barbro
|
|||
---|---|---|---|
Du Barbro, du er framand i det tykje som er oss. Og særleg er du ei som vi om ein vil ut og sloss. Di avstand til det vanlege er mykje kraft å få. Du bryr deg om det and'lege. Og der får Kristus rå. |
|||
|
Til Tonje
|
|||
---|---|---|---|
Antonius var ein martyr. Han døde for ei sak. Han haldt på sans og samling styr og vart vel då for rak. Du Tonje, du er sjølv ein stad der ein på merksemd byr. Ei rekke er vel ikkje rad. Og regn er ikkje yr. |
|||
|
Til Eva
|
|||
---|---|---|---|
Du Eva, du er liv og lyst; det liv som vert på ny. Ved fang, og så ved famn og bryst, du vil på glede by. Din kjærleik og din omsorg er ei lære på vår jord. Men ved som deg å vere kjær så har ein også ord. |
|||
|
Til Bjørg
|
|||
---|---|---|---|
Ei bjørk vil hjelp tilkjenne gje ved tydeleg å vere. Om en som den seg veit å te, ein inkje har å lære. Den som er klår er nydeleg og har si støtte inne. Og du, Bjørg, du er tydeleg og vil begeistring vinne. |
|||
|
Til Astrid
|
|||
---|---|---|---|
Som frisk er jenta vakker. Ho må vere frisk i grøss og gro. Guddommelig er hennar stand om ho å finne er i And. Du Astrid, du er tydeleg på at din stand er nydeleg. Og vakrare er ingen møy enn ho som tykkjer stand er gøy. |
|||
|
Innhold
Kontakt informasjon
ADRESSE
Anders Woje Ellingsen
Rådyrveien 25 B
7082 Kattem
Norway
TELEFON
+47 905 59 772
E-POST
poet.on.view@gmail.com
WEB SIDE
Informasjon
Mitt navn er Anders Woje Ellingsen. Jeg ble født i 1963 i Trondheim, og jeg er bosatt i Trondheim. Jeg er opprinnelig militært utdannet men er i dag uføretrygdet og erklært sinnssyk. Jeg har skrevet dikt i mange år men har ikke fått utgitt noe. Siden 2014, omtrent, har jeg publisert det jeg har skrevet på internett, på egne nettsider, men nå har jeg tatt det meste ned. Mitt verk på internett er å finne på Trixnix.com.
Alle dikt er av og ved Anders Woje Ellingsen ved det registrerte varemerket Vaksinius. Enkeltpersonforetaket Verk A.W. Ellingsen har organisasjonsnummer 827 868 752.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn.