Sjette skue

VAKSINIUS
Sjette skue
Norsk tryggleik
Ein diktsamling med rytme og rim
Tilfeldig dikt Innhold Informasjon
Kontakt informasjon
Til Agathe
Om ikkje der er nokon stil
og måte på det vakre smil
så er det smil det klåre prov
på at ein ikkje nett er grov.

Agathe, du er god som gull.
Av kjærleik er du alltid full.
Det auge du til nesten har
tilkjenne gjev ei snill og rar.
Til Agnethe
Alle ærbare og kyske er alt anna enn svært bryske.
Bryske er dei som må hevde
seg og vil bli etterlevde.

Du, Agnethe, er som ærbar
alltid positiv og rådsnar.
Som eit barn på glatte isen
gjeng du uten rådeprisen.
Til Beate
Sånn som vatnet som må speike
vert ein av å vere riktig.
Sånn som sola gjer den veike
vert ein av å vere viktig.

Lukkeleg er du, Beate,
som er ikkje i den gate.
Lukkeleg er du som pliktig
veit å vere litt forsiktig.
Til Birgit
Å vere høg og mektig er
ein føresetnad for ein kjær,
om ein vil oversikten få
og vere til å lite på.

Du Birgit veit at blikk å få
forunnt er den som trygg kan gå.
Du vekker tillit ved ditt vis.
På overblikket set du pris.
Til Celina
Av himmel gjort vert kalla sankt.
Av himmel gjort kan vere mangt,
men eit er sikkert, det er så
at ikkje der er måte på.

Celina, du er endelaus
når du gjev kjærleik, du er raus.
Du overgår alt som er slapt
ved virke som er kjært og kjapt.
Til Constance
Standhaftig må ein vere som
vil verte trudd på lov og dom.
Standhaftig også vere må
nasjonen om den makt skal få.

Constance, i din kjærleik stor
den omtanke for nesten bor
at han skal stole på din veg
og vite kvar han har deg.
Til Edel
Ein utafor naturen er
merkverdig nok kulturen kjær.
For, om å vere så var temt
så var kulturen artsbestemt.

Du Edel, du er adel, fort,
og ofte må det verte gjort,
det finaste så til å sjå
og håpe på og lite på.
Til Edith
Den som frå ei kjelde stormar
ved ein motstand virke formar.
Den som frå ei kjelde strømmer
er ikkje ein draum som rømmer.

Du er, Edith, klår i tale.
Opp frå avmakt vil du hale.
Kva som gjeld i liv som levast
er å ha det som her krevjast.
Til Emilie
Ved iver vil ein vere sæl.
Ved iver vil ein vise tæl.
Ved iver vil ein vere god
som inni kroppen hjarteblod.

Emilie, du synar veg
ved påpeking av lyst og steg.
Du veit at det er verksemda
som ligg til grunn for merksemda.
Til Gina
Ved ein slutning oppstår freden,
ved eit døme oppstår freden.
Er det kome til ein ende
vil det seg til framtid vende.

Du, Gina, regjerer ved
det opne å la finne fred.
Så å gjere er det fine.
Uvisse er alltid pine.
Til Guri
Eit vakkert smil kjem innanfrå,
som teikn på i fred å gå
med Herren og med samvit reint.
Om ikkje så vert smilet kleint.

Du Guri veit å ha på lag
på måte som er ikkje fag.
Og kva det synar er din stil.
Du har i sinne fred og kvil.
Til Gørild
Den makt det er å peike på
for folk er særleg god å få,
for så å få det opp på bord,
det ein kan sjå men ei har ord.

Du Gørild,du har blikk for alt
som særleg varmt er, ikkje kaldt.
Og det må finnast, provast og.
Frå der kan søkast dialog.
Til Helen
Som lys så vil ein vere klår
så merksemda sin skipnad får.
For, ein vil gjere tydeleg.
Då kan det verte nydeleg.

Du Helen gjer det klårt og reint
så ikkje det vert alt for kleint
det som i livet merksemd får.
Du ser til at vondt ikkje rår.
Til Helga
Heilag aktast ikkje mykje.
Heilag aktast ikkje Tykje.
Heilag aktast helst den lille
som gjev uttrykk i det stille.

Helga, du har gjerne laget
når du ikkje aktar faget.
Nok er ekspertise kustus.
Naudsynt er å prise Kristus.
Til Helle
Ljos er ikkje til å makte.
Ljos er til for oss å akte.
Er ein, likevel, det ljose
er ein sjølsagt til å rose.

Helle, du er ljos i minnet,
ljos i tanken, ljos i sinnet.
Gjennom deg Vårherre snakkar.
Du er heilag, for ein stakkar.
Til Iben
Seig i spranget må ein boge
vere for å lage stoge.
Seig er seg som pil lar pile,
som lar pila skundsamt ile.

Iben, når du bogen spenner
gjev du kraft til dine venner.
I din styrke kan ein stupe.
Du har sansen for det djupe.
Til Irene
Alle veit at vonde plager
jo er kva den djevel lager.
Ikkje alle veit å lette,
skape fred, for liv å rette.

Du Irene veit at nåde
gjer seg mykje meir enn råde.
Gjeremålet til å frede
er å skape lyst og glede.
Til Janna
Nåde ved vil Herren råde.
Ein vert fri ved Gud sin nåde.
Hemmeleg er rådet ikkje,
heller ikkje gjeve bikkje.

Janna, du veit korleis Tykje
hemmar ved å meine mykje.
Frisk å verte ved Guds mynde
ein kvar har å verte ynde.
Til Janne
Som ein uforklarleg nåde
vil Gud over synder råde.
Takksemd er kva som gjev ynde,
og i neste omgang, mynde.

Janne, du veit kva som krevjast
og kva som skal etterlevast.
Nåden er kva ein skal akte.
Takksemd er kva ein skal makte.
Til Kaja
Den reine, klåre kjelde er
kva Gud og kvar mann held for kjær.
For ein å vere nydeleg
så må ein vere tydeleg.

Du Kaja veit at hjarte gjev
suksess som ikkje er ved strev.
Og du vil vere klår av mein
då du vil vere klår og rein.
Til Karen
Er frukta god er treet godt.
Det ikkje så om frukta fått
ei god er, og ei smakar bra.
Ein føresetnad vil den ha.

Du Karen veit å vere rein
om du er stamme, du er grein.
Å vere rein det beste råd
er når der aktast dyd og dåd.
Til Kirsten
Kva kristen er, kan vere vis.
Om det vert bann, så vert det pris.
Og det er sikkert, det er visst,
det er å vere glad til sist.

Du Kirsten veit å halde stand
i kva som lokkar over land.
Ditt blikk er skarpt, din hug er tro,
og målet ditt er sjel i ro,
Til Laila
Enten føre eller etter
er de drøyme fulle netter.
Natta skjøn vil dagen gøyme.
Natta skjøn vil dagen gløyme.

Heilag er det sunne døme.
Og, du Laila veit å bløme.
Heilag i prinsippet er
kva som vil ha dagen kjær.
Til Line
Kjært barn har mange namn og det
er tanke bak det ordtaket.
Jo fleir namn dess meir gagn
og mindre tykkast vere sakn.

Du Line veit å spele på
dei formar som du veit å få.
Ditt namn er mange endingar,
din kjærleik mange hendingar.
Til Luna
I krig og kjærleik vert ein glad
og overtydd om fred finn stad.
Dei gamle laga gud av det,
som akta var, og som var ve.

Du Luna har ein eigen sans
for fred og for den sigerglans.
Du tenker ikkje mykje på
kva anna utfall er å få.
Til Marte
Kva huset enn vil gje
vil heimen fin seg te,
og ved den store sak:
Ei perle som står bak.

Men Marte veit at råd
er inkje utan dåd.
I kvart eit liv er lyst.
Det tonar frå eit bryst.
Til Olaug
I livet er det beste tarv
det virke som ein får i arv.
Den merksemd som ein ane får
høgt over all forbarming står.

Du Olaug veit å dåre ei
men å la ætter lage vei.
Eit skodespel vert ofte stygt.
I ætten kan ein vere trygg.
Til Olivie
Den er aller størst, den ynde
som ved Sonen viser mynde.
Et oliventre er prektig.
Den slags vørdsle synes vektig.

Du, Olivie, veit hjarte
for at det seg klårt skal arte,
reint må vere, til Gud trugen.
Det må vere sjølve hugen.
Til Rachel
Ei søye veit å tygge drøv.
Ei søye er slett ikkje sløv.
Ei søye har og splitta klov.
Ei søye veit å gå i tog.

Du Rachel er den søya nær,
den eigenskap hjå søya kjær.
Og, meir enn det, du lagar ull.
Og, ull å få er ikkje tull.
Til Rikke
Rik på miskunn, rik på nåde,
teikn er på kjærleik, både.
Framifrå er den som verker
slik, som Gud sitt vis seg merker.

Rikke, du har sans for merket
gjeve den som aktar verket.
Som ein ligg er som ein reier.
Den ligg godt som kjærleik greier.
Til Rosa
Med skarpe tornar, klår kulør
og umiskjennelig odør
du viser at som tydeleg
vil aktast vere nydeleg.

Ditt raude skin gjer verda godt.
Ditt uttrykk nytast, er det fått.
Og er det gult, og er det kvitt,
òg einsamt står det, klårt og fritt.
Til Runa
Runa har så mange leider.
Mykje er å vise heider.
Sjølv er runa for makt mynde.
Oftast er ho også ynde.

Runa mister aldri motet.
Viset ditt er helsebotet,
sånn som det på vis er døme,
sånn som det let makta bløme.
Til Tanja
I sinnet til ein vaksen mann
er jenta faktisk mannen sann,
som muse, og for skaping glød,
som lukke, og som jomfru nød.

Du Tanja veit at i eit far
går samvitet hjå snill og rar.
Du gjev ein mann å tenke på
kva veg han i sitt far skal gå.
Til Thale
Familie vil avkom gje
Som son veit dotter seg å te.
For ætt si stemning har ho sans.
Ho er i sanning ætt si glans.

Ho veit å halde byrd i hevd.
Du Thale er ho etterlevd.
Du er for ætt, du er for land,
det menneske i rette stand.
Til Tina
Du Tina er dei mange råd
som kjelder er til dyd og dåd.
Du passer på, som elva gjer,
å ikkje røpe kva du ber.

Du passer på å gjere spent,
kva ingen kan som er ein kjent.
Dei mange vis du gjev honnør.
Dei mange namn gjer sjela før.
Til Victoria
Fast i trua på Vår Herre
er det ikkje med ein verre
enn at ein vil gå for siger.
Ein er modig som ein tiger.

Du, Victoria, har trua,
og du veit å temje grua.
Ved deg får ein vinning, fort.
Du sjølv er ei vinning gjort.
Kontakt informasjon
ADRESSE

Anders Woje Ellingsen
Rådyrveien 25 B
7082 Kattem
Norway


TELEFON

+47 905 59 772


E-POST

poet.on.view@gmail.com


WEB SIDE

www.trixnix.com

Informasjon
Mitt navn er Anders Woje Ellingsen. Jeg ble født i 1963 i Trondheim, og jeg er bosatt i Trondheim. Jeg er opprinnelig militært utdannet men er i dag uføretrygdet og erklært sinnssyk. Jeg har skrevet dikt i mange år men har ikke fått utgitt noe. Siden 2014, omtrent, har jeg publisert det jeg har skrevet på internett, på egne nettsider, men nå har jeg tatt det meste ned. Mitt verk på internett er å finne på Trixnix.com.

Alle dikt er av og ved Anders Woje Ellingsen ved det registrerte varemerket Vaksinius. Enkeltpersonforetaket Verk A.W. Ellingsen har organisasjonsnummer 827 868 752.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn.