Tredje skue
Norsk styrke
En diktsamling med rytme og rim
Til Kloe
|
|||
---|---|---|---|
Alvorleg er ei spire, men den skal glede sinn, ved viljen der å skire, ved rauden gjeve kinn. Du Kloe, du er som trua som driv alt på vår jord. I Bibelen er lua: De kjenst, de pauli ord. |
|||
|
Til Hild
|
|||
---|---|---|---|
Å ta til orde når ein må, og ikkje berre melding få, men slå eit slag for verda god, er som å vere hjarteblod. Du Hild, du veit at ein treng mot. Som pulsslag set du ned din fot og ser til at din lekam får å føle på den ånd som går. |
|||
|
Til Katja
|
|||
---|---|---|---|
Du Katja er vel framand for den rolle som for spelet står. Du er naturleg, snill og rar, som berre mynde den veg tar. Du syner veg som lærepult, som kirke stor, som ei okkult. Og ein kvar får å tenke på kva overrasking er å få. |
|||
|
Til Ester
|
|||
---|---|---|---|
Ei stjerne oppå himmelen er meir enn ein i vrimmelen. Den noko gjev å tenke på, og drøyme om ein gong å få. Du Ester, du er stjerne vis. Du har ein høg og vørdsam pris, som ljos, og fjern der til å sjå, og alltid til å kome på. |
|||
|
Til Sara
|
|||
---|---|---|---|
Ei dronning vil sjå lengre fram til tilstand uten sorg og skam, der mål og liv og lyst vert til ved kva ein stadig tør og vil. Du Sara, du har blikket for det kommande, korleis det går. Du følgjer ikkje alltid på. Sjølvstendig er din veg å gå. |
|||
|
Til Brit
|
|||
---|---|---|---|
Overtaket kan ein miste. Noko av det mest triste er å såleis gå på såler, verte så ein undermåler. Brit, du veit å holde oppe motet, ikkje sjela droppe. Sjel er smak, og til å akte. Det å skilja må ein makte. |
|||
|
Til Lise
|
|||
---|---|---|---|
Gud er eid, så til å prise. Eiden-hagen lat det vise. Målet som Gud Adam gav gjorde ikkje sinn til kav. Lise, du er sjølv varmhjerta, lovande og openhjerta. Sånt vil ikkje skade volde: Løfter veit du sjølv å holde. |
|||
|
Maybritt
|
|||
---|---|---|---|
Her på jorda er det skjøne gjeve ved det særleg grøne. Veksten synar lyst og glede, lar seg ikkje simpelt lede. Maybritt, du er sum og eining ved din vilje og din meining. Grønt skal aktast, prisast, gjerast, og som liv på jord erklærast. |
|||
|
Til Anita
|
|||
---|---|---|---|
Det er i grunnen ingen kunst i livet å ha Herrens gunst. Der inkje offer er å gje. Der ingen bøner er å be. Anita, du veit nåden god er lystig som frå hjarte blod. Sin takksemd er kva ein har å vise som for nåden klar. |
|||
|
Til Magni
|
|||
---|---|---|---|
Det gjeld for alt kva ein har kjært : Kva enn som er så er det svært. Du Magni har det rette lag : Det lite er som ei når dag. Den einsame er alltid svidd. Den keisame er uten vidd. Den svære ikkje fattig er. For, er ein svær så er ein skvær. |
|||
|
Til Ellen
|
|||
---|---|---|---|
Som lys til sinns, som litt på glid, med ønske om å vere blid, ein er for Gud kva Gud sjølv er, og det er det å vere kjær. Du Ellen har det rette lag med folk, og ikkje er det fag. Du synar at det fort vert stivt om ikkje det er positivt! |
|||
|
Til Laura
|
|||
---|---|---|---|
For ein kvar sett ved dyd og dåd du Laura veit å finne råd, når omsorgsfull som laurbærkrans du synar heider, viser sans. Ved takk og lovord vert ein før, og lønast skal som lønast bør. Du gjer det godt, du gjer det fint, så einsleg ikkje vert forpint. |
|||
|
Til Klara
|
|||
---|---|---|---|
Verdsett er du, Klara, ved som skinande å vere med, som klår og tydeleg i alt det elende frå eige falt. Du viser mot, du er modell, det er ved deg av glimt eit vell. Du er for verda god å ha: Ein får ved deg å stilling ta. |
|||
|
Til Torunn
|
|||
---|---|---|---|
Når tora ruller over jord, ein får å tenke på Guds ord og tilveksten som Ordet har, som gjer at Ordet vert til far. Du Torunn, du er ikkje lei. Du unner far, den sak er grei. Eit torebrak du også er. Det merkast, når du merksam gjer. |
|||
|
Til Bente
|
|||
---|---|---|---|
Velsigna er den dydige, og ikkje alle lydige som dårar og som offer gjev og klagar på at det er strev. Du Bente, du har mykje vett når du får fram at liv er lett. Velsigna er du, det er glatt å leve når det så er fatt. |
|||
|
Til Karoline
|
|||
---|---|---|---|
Å avhenge av noko er ei bør å bere, er ein der. Den makteslause ein er i vil skulding verte, sinnet ri. Du Karoline, fridom veit du er så mykje meir enn greit. Det ille er å miste fynd. Og vondt å bere på ein synd. |
|||
|
Til Emmy
|
|||
---|---|---|---|
Det heile er det heilage. Du Emmy vil det oppdage kva er som gjeld i kvart eit fall, kva det er som gjev hell og kall. Det heile er kva verda ber om verda aktast som ein kjær. Du veit, og du er klår som eld. Du veit kva som i verda gjeld. |
|||
|
Til Venke
|
|||
---|---|---|---|
Nokon meiner, kjære Venke, at om ein slepp sjølv å tenke kan ein gjere mykje gale, som ein er til å befale. Du veit ven er ikkje keisam. Sanneleg, å vere einsam er kva ein kvar har å gjere skal ein vere i det kjære. |
|||
|
Til Hanna
|
|||
---|---|---|---|
Gud vil vere nåde. Såleis er eit råde. Gud vil ikkje temje. Gud vil verda semje. Hanna, ein vil sveige Gud tek ein i eige. Du veit ein skal akte, ikkje møde makte. |
|||
|
Til Mathea
|
|||
---|---|---|---|
Mattheus var ein tollar i det Israel som vart det vi som gåva er når den er svær og over alt, som trua er. Du er Matthea, sjølv Guds løn. Du er den gilde, klåre bøn at ein kvar ein tek deg i akt som du sjølv syner augemakt. |
|||
|
Til Trine
|
|||
---|---|---|---|
Du Trine, du er døme på at ein naturleg er å sjå som løyst frå sett og løyst frå vis, og så få, likevel, høg pris. Frå botn kjem du verkeleg. Må virke vere lukkeleg. Om enn ei vanske, gong på gong, ein har å lyse sjel, den song. |
|||
|
Til Sunniva
|
|||
---|---|---|---|
Som oppdaga er gåva stor. Ein undrast på kva i den bor. Som oppdaga er verda fin. Ein tenker då seg druevin. Du Sunniva, eg veit av deg. Du synar mot og viser veg. Eg merker meg kva er din byrd: Du lyser opp og skapar vyrd. |
|||
|
Til Melinda
|
|||
---|---|---|---|
Melinda, du er gull for blikket. Det skuldast ikkje biestikket, men heller at du lagar honning, så fint for mann, og fint for dronning. Særs søt er den som honning lager. Og du er søt og mild og fager. På alle dine rare veier finn du ei vinning, som du pleier. |
|||
|
Til Gry
|
|||
---|---|---|---|
Eit gry kan vere til så mangt, og det er ikkje alt for langt. Å vere i det er så fint: Det gjer alt anna enn forpint. Og Gry, i deg å vere til er oftast nettopp kva ein vil. Du sjølv har gryet i deg så at dagen gryet har å få. |
|||
|
Til Arnhild
|
|||
---|---|---|---|
Ei ørn har nebb og kvass ei klo, og ikkje vil den berre glo. Du Arnhild, du har i di makt å vere skarp, tek du i akt. Den skar igjennom som frå for og ikkje sat fast, her på jord. Du veit det gjeld å vere var og ikkje gro, som snill og rar. |
|||
|
Til Mia
|
|||
---|---|---|---|
Maria fekk som lyst til del å gjere folk og framtid vel. Ho var vel prektig, særleg var, og Jesus kom og vart vår far. Du Mia, du er sjølv for Gud ein prektig kvinne, prektig brud. Du gjer for sikkert glad og ør. Di lyst på livet gjer deg før. |
|||
|
Til Borghild
|
|||
---|---|---|---|
Ei strid frå borg er hold å ha og omsyn til et greip å ta. Det er å vere rådsnar ved å ikkje gå vekk frå eit sted. Du Borghild, du for verket står, og ikkje lett frå det du går. Er ein eit barn som vert til borg så er ein ikkje vørd som sorg. |
|||
|
Til Solhild
|
|||
---|---|---|---|
Når sola tenner, står den opp og kaster ljos på bru og klopp og synar at det einaste i live er det reinaste. Du Solhild, du er mykje verd. Der er så mang ein vis og lærd som ikkje veit å kaste ljos. Då er der ikkje mykje kos. |
|||
|
Til Torgunn
|
|||
---|---|---|---|
At det ved tora verte regn det veit vi er den flid som finn sin ende over egn når tora går til strid. Du Torgunn, du er samvit sterkt når du til virke går. På jorda vert det gjerne merkt når hugen i deg rår. |
|||
|
Til Linnea
|
|||
---|---|---|---|
Blomen blømer utolmodig. Den vil fram å så. Frøet er kva som gjer frodig. Frøet er å få. Du, Linnea, vakkert viser audmjuke, du er. Atterhald er kva du priser. Underverk du gjer. |
|||
|
Til Turid
|
|||
---|---|---|---|
Ingen kan stå heilt aleine. Støtte krevjast, må ein meine. Ein er ein ved elsk og døme, ikkje når ein er ei bløme. Turid, du er tora vakker, turen, som den lir og lakker, ikkje pinleg, ei til skamme. Det er når det hentast framme. |
|||
|
Til Andrea
|
|||
---|---|---|---|
Som mannen sin, ein er eit barn om ikkje ein sit fast i garn. Og poden vert til spire, så. Og gleda får som bladet gå. Nødvendig, det er poden, kjær, og nyttig er kva gleda er. Andrea, du er mannen sin. I kvinne lagt er mannen fin. |
|||
|
Til Oddny
|
|||
---|---|---|---|
Du Oddny, du er odden ny, oppriktig som eit morgongry som peiker mot den nye dag og syner kva den krev av lag. Forstand har du på at det gjeld å føre seg, så motet held. Og kvar ein sjel som står deg bi får auge sjå med strålar i. |
|||
|
Til Jorid
|
|||
---|---|---|---|
Den jordfred kan ein drøyme om, som nåde som frå himmel kom. Du Jorid gjer den sak til lag, og ikkje då er jordfred fag. Som varmen er ifrå eit bål, ved mykje glød og lite gnål, eit opphald i di nærleik er. Ein kvar vil faktisk vere der. |
|||
|
Til Ina
|
|||
---|---|---|---|
Du Ina, du er suveren. Vel er du nydeleg, som ven, men kva du utgjer, som di lyst, er mor å vere, - kvinnebryst. Du kjærleik gjev til svak og arm ved omsorg av din gode barm. Og godvilje er betre enn kva gåvor er, ifrå ein venn. |
|||
|
Til Kirsti
|
|||
---|---|---|---|
Å vere kristen er så mangt. Men det å vere går for langt om ikkje der er atterhald, men at ein gjev seg liv i vald. Du Kirsti veit kor grensa går. Du veit så godt kva for du står. Du veit å ta kvart råd i akt så inkje over deg får makt. |
|||
|
Innhold
Kontakt informasjon
ADRESSE
Anders Woje Ellingsen
Rådyrveien 25 B
7082 Kattem
Norway
TELEFON
+47 905 59 772
E-POST
poet.on.view@gmail.com
WEB SIDE
Informasjon
Mitt navn er Anders Woje Ellingsen. Jeg ble født i 1963 i Trondheim, og jeg er bosatt i Trondheim. Jeg er opprinnelig militært utdannet men er i dag uføretrygdet og erklært sinnssyk. Jeg har skrevet dikt i mange år men har ikke fått utgitt noe. Siden 2014, omtrent, har jeg publisert det jeg har skrevet på internett, på egne nettsider, men nå har jeg tatt det meste ned. Mitt verk på internett er å finne på Trixnix.com.
Alle dikt er av og ved Anders Woje Ellingsen ved det registrerte varemerket Vaksinius. Enkeltpersonforetaket Verk A.W. Ellingsen har organisasjonsnummer 827 868 752.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn.